Sumaren er (nesten) i gang!

Så er sumaren i gang! Med boblejakke og lue! Det ligg snø i trøa og sola prøver så godt ho kan. Fint å sjå at fjella stod der som før. Ellers var det stille i fjellet. Ingen fuglar eller dyr å sjå. Eg sa til haugafolket at dei snart måtte flytte ut. For snart kjem vj på stølen. Men akkurat i dag reiste eg heim og sette meg ved omnen...

Gledar meg til snøen er borte, sola har fått meir kraft og stølslaget livnar til! Gledar mec til sumar på Gauklia!

Vaflar!

Vaflar er godt, både heime og på stølen. Før i tida måtte maten på stølen lagast fersk eller så måtte den vera tørka, salta eller hermetisert. Hadde du då høner på stølen, kunne du lage vaflar.

Jernet var tungt og måtte snuast, og det var ikkje lett å få steikt passe mykje på begge sider. Vedfyring er vanskeleg å regulere temperaturen på, men budeiene hadde nok taket på det. Og så kunne ein ete vaflar med tjukk, gul rømme og kanskje moltesyltetøy...Nam!

Hårvask på stølen

Som barn og ungdom hadde eg langt hår. Og tjukt. Det var eit dagsverk å vaske det... Difor var det ikkje så ofte hårvask på stølen. Mor mi fletta meg, eg slengte flettene på ryggen og det var det. Men ein gong i blant laut eg vaskast. Då gjorde vi det grundig ved å koke greiner av brisk ( einer) og skylle håret i det. Trur vi vaska det med Sunlight, forresten. Ved å bruke slik briskeløg (uttrekk av einer) skulle håret bli lyst og blankt. Og det ville eg gjerne ha! Så vi henta brisk, kokte lenge og skylte grundig. Og gjekk så nøgde omkring med lyst, blankt og reint hår. Ein månads tid...

Hugs på at alt vatn måtte bærast frå brønnen som var kanskje hundre meter unna. I sinkbøtter, som var tunge i seg sjølv. Då skjønar du nok at det var lettare å berre flette håret og slenge det på ryggen!

Traktor med meire

Vi driv med litt oppgradering på stølen. Ved sida av Skraklebu står det to andre bygningar, Stallen og Fjøset. No er Stallen retta opp og er mindre salrygga. Nye pillarar er sett opp og golvet er rive i eine halvparten. Planen er å innreie dette til eit sumarhus. Det er stort sett Thomas som har gjort alt dette. Takk!

Traktoren vår er gamal og står i stil med resten av stølen, rett og slett. Den fyrste traktoren vi hadde i min barndom var også ein slik ein. Den kjørte eg så vidt, men vart aldri nokon ivrig traktorjente.

No er vår traktorhengar fyllt med skrot og skrammel. Og vi er litt nærmare ein støl med to hus å bu i. Det blir bra!

Husking og hugsing!

Som lita jente på stølen hadde eg huske i fjøset. Der sat eg og svinga mens mor mi mjølka. Nokon kyr vart litt nervøse av dette som for fram og tilbake bak rompa på dei. Og då fekk eg beskjed om å roe litt ned på farten.

Huska var laga av taustumpar vi fann her og der og var difor ikkje heilt solid. Det hendte heile greia rauk og eg datt i golvet. Ein gong landa eg i "skantilen", den forsenkinga i golvet som var bak kyrne og der det var kumøkk og tiss. Der sklei eg bortover. Då vart huska tatt ned for ei stund...

No er det Sara som huskar på stølen. I ei anna huske og på ein annan støl, men like moro!

Slitsam natt på stølen

Ikkje alltid berre idyll på stølen. Vi er her med ein toåring og ein baby på fire veker. Heldigvis har dei mor og far med seg også... I natt var det eg, bestemor, som låg på rom med toåringen. Klokka 12 kasta ho opp. Vi har ikkje straum, vatn eller toalett. Ungen var redd , sjuk og forvirra og eg var litt usikker på korleis dette skulle handterast. Etter andre omgang henta eg far til ungen og overlet ansvaret til han. Vi turka og vaska så godt vi kunne og natta gjekk sin gang.

Så var det babyen som gjorde neste stunt. Han bæsja seg ut frå nakken og til hælane. Og når mammaen hadde vaska og ordna baby og seng og skulle ha på att bleie, sendte han ei flott og høg tissestråle på tørt tøy...

No ser toåringen ut til å vera i god form att og familien er i bygda for å hente sengetøy og handkle. Eg tenkjer på min eigen barndom, vi var på stølen i to og ein halv månad. Utan bil, så mor mi kunne ikkje hente reine klede. Ho måtte nok bera vatn, koke på vedovn og vaske sjølv. Så vi skal ikkje klage for mykje. Eg kan ikkje hugse vi var sjuke nokongong, men det var vi sikkert.

Godt vi får nye dagar med blanke ark og fargestiftar til. Og nye netter med reint sengetøy, friske ungar og søvn.

På skeive

Her på Skraklebu er det meste skeivt, særleg golvet og veggane og taket. Uteplattingen er heller ikkje i vater. I fjor, då Sara var eitt år, hadde ho litt trøbbel med å gå frå rom til rom, fordi golva var skeive på ulike måtar. Difor kom ho i ubalanse ved å krysse dørstokken og måtte hente seg inn att ved å ta eit lite støttesteg eller to. Framifrå balansetrening!

No er vi så vant til det at vi ikkje lenger tenker over så veldig at alt er skeivt. Dessutan er Skraklebu som livet sjølv. Det hallar litt hit og dit, og dei fleste av oss må ta eit lite støttesteg i blant for å finne att balansen.

Fjøskrakken

Fjøskrakkar er ganske enkle møbel. Spikra i hop av nokre enkle restar, utan måling eller utskjering. Dei eldste kan forresten vera litt forseggjorte, som denne her som har beina felt inn i hol i setet. I gamle dagar, då livet var fylt av arbeid, hadde dei tid til å gjera det ordentleg. No har vi det så lettvint at vi ikkje har tid til noko som helst snart.

Eg ser for meg mor mi på fjøskrakken. Ofte stod eg og held i rova på kyrne, så dei ikkje skulle daske henne i ansiktet med piss og møkk. Mor mi hadde skaut og ermeforkle på seg. Ho mjølka så det skumma i bytta og det vart ein slik fin svisjelyd. Kyrne la seg gjerne ned og jorta når dei var ferdige. Det var ei fredeleg og god stemning i fjøset.

Slike minne kan ein gamal fjøskrakk få fram...No sit eg med krakken som fotskammel og kan korkje kinne eller yste eller mjølke. Rart å tenke på.

Ei bygdejente

Dette er ei bygdejente. Født og oppvaksen i Valdres og har klart seg lell. Ho var misnøgd i mange år, fordi ho ikkje kunne gå på rockeklubb kvar veke eller ha berre "kule" venner. Nettopp fordi ho vaks opp i Valdres, i ei bygd, fekk ho allsidige impulsar, også musikalsk, og vart kjent med folk av alle slag. Det har ho med seg resten av livet og nyt godt av. 

Denne bygdejenta bur i dag i London og er musikar. Så langt kan ein koma om ein veks opp i bygda. Ho spelar i dag si fyrste konsert i Valdres, med artistnamnet Farao. Kom og høyr!

 

https://www.facebook.com/pages/Valdres-Scene/199018610196564?fref=ts

 

Fordeler med aldersblanding

Av Vegard Kvam,  førsteamanuensis i pedagogikk ved NlA Høgskolen i bergen

 

Det er bred enighet blant fagpedagoger med interesse for fådelte bygdeskoler at aldersblanding i skolen kan være tjenlig for utvikling av sosial kompetanse. Myndighetene har også i nyere tid omtalt læringsmuligheter som følge av aldersblanding, også i skoler som i utgangspunktet er fulldelte, som positive.

Ifølge professor Karl Jan Solstad har alders- blanding klare fortrinn med tanke på sosial læring (Rønning, Solstad og Øines, 2003, s. 48). Profes- sor Rune Kvalsund (1995), som bygger sine data på et omfattende materiale av observasjoner i 2-, 3- og fulldelte skoler, hevder at relasjonsmønsteret i skoler med aldersblanding fremmer «djupare sosial samhandling» mellom elevene enn i fulldelte skoler (s. 364). Han mener å ha grunnlag for å hevde at de fådelte bygdeskolene, med sin størrelse og delingsform, har særlig gode rammevilkår for «sosialiseringskvalitetar» (s. 377). Førstelektor Nils Eckhoff (1986) kan vise til antropologiske og sosialpsykologiske studier hvor det kommer frem at barn i aldersblandede grupper har bedre forutsetninger for å tilpasse seg samfunnslivet enn barn i aldershomogene grupper (kap. 6). Førstelektor Kristoffer Melheim (1998) hevder, på bakgrunn av forskningsresultater i land som USA, Russland og Danmark, at fådeltskolen med aldersblanding ikke er en avleggs skoleform, men snarere en fremtidsrettet modell for organisering av læringsgrupper i skolen. Det skyldes at fådelte skoler med aldersblanding og færre elever per lærer har gode muligheter for å fremme aktive og selvstendige elever. Elever som får undervisning i aldersblandede grupper kommer godt ut både faglig og sosialt (s. 25, 53, 70). Og førsteamanuensis Sidsel Germeten (2005), som i perioden 2002?04 var ansvarlig for et større forskningsprosjekt for evaluering av forsøk med fleksibel skolestart i Oslo, konkluderer ut fra sitt materiale med at desto mer gjennomgående aldersblandingen praktiseres, desto lettere har lærere for å tilpasse opplæringen til den enkelte elev. Hun mener å kunne dokumentere at det har god læringseffekt at eldre elever er yngre elever til hjelp i læringsarbeidet (s. 285). 

Framtid for bygda?

Det hender eg blir mismodig. Det hender eg tenkjer at at det eg driv med er heilt forgjeves. Eg har kjempa for skulen i Ulnes og gjer det framleis, men opplever at mange er imot og endå fleire er heilt likegyldige. Det som er veldig merkeleg, er at desse gruppene inneheld mange bønder, nettopp dei som ikkje kan flytte med seg jobben til ein annan plass. 

Utan skule ville ikkje Ulnes lenger ha 17.maifeiring eller julegrantenning eller offentleg juletrefest. Idrettslaget vil til slutt bli borte fordi barna vil delta med venner på Fagernes. Ein kan også lure på kor lenge vi vil ha barnehagen når ikkje skulen lenger betaler 500-600 000 kroner i året for å drifte anlegget. Det blir nok for dyrt for kommunen og så blir barnehage og grendehus også borte. Om ein trur at dette er utenkeleg, er det berre å hugse på Aurdal. Det er heilt reelt og det vil skje. Ved kommunesamanslåing vil det bli ein endå sterkare sentralisering og ikkje barnehage heller i kvar grend.

Skal ein ha skule berre for å halde bygda i gang? Nei, ein skal ha skule i bygda fordi det er best. Best læring i små grupper, best oversikt i trygt miljø, best sosialt miljø fordi du må omgåast barn i alle aldrar og av begge kjønn, mest miljøvenleg og best for kroppen med mindre kjøring OG du held bygda i gang. Skulen er navet i ei bygd, den held alt det andre i gang også.

Oi, eg kjenner at eg trur på dette framleis, eg. Vi står på vidare! Er du med?

 

 

 

 

 

I livd av blå syrin




 

 

Her i Ulnes har vi eit spesielt forhold til syrinar. Bygdediktaren Anders Underdal skreiv ei vise som heiter "I livd av blå syrin" og som mange ulnesbygdingar kan. Anders Underdal levde frå 1880 til 1973. Han er far til Margit Sandemo og visstnok uekte son til Bjørnstjerne Bjørnson. Visa bygger på ei sann historie om ei jente som Underdal kjente, men som døydde brått. Trist og tragisk! Visa har ein vakker melodi, også laga av Underdal. Han påsto at det var dei underjordiske som ga han tonane. 

Eg hugsar godt Anders Underdal frå mi tid på skulen i Ulnes. Han kom inniblant og fortalte oss barna om haugafolk, så dansa og song han litt. Vi syntest han var litt pussig og gamal, men også spanande og fasinerande. Han budde i ei lita raud stogo langs vegen opp dit eg budde, så ofte når eg gjekk forbi, kom han ut og prata. Mor mi og andre dyktige husmødre gjekk ned til han og vaska for han og hadde med litt kaker og mat. Det sette han pris på.

Måleriet er av Ralph Styker og ein kopi heng på skulen i Ulnes. No er både mannen og huset borte, men visa lever vidare. 

 

Konfirmasjon på bygda


(Foto: Mette Dalen)

Her i bygda er det mange jenter som har hest. Det er hyggeleg å kunne ha plass og anledning til å vekse opp slik og ha kontakt med dyr. Ikkje minst får ein gode naturopplevingar frå hesteryggen. Eg høyrer titt og ofte hestetramp på vegen forbi her. Og når ein er konfirmant, kva er vel meir naturleg enn å kome seg til og frå kyrkja til hest! For eit flott syn! Nydeleg jente, nydeleg hest, nydeleg ver, nydeleg bunad, nydeleg bygd! Flottare kan det ikkje bli! 

Fuglereir

Når vi kom på stølen om våren, var det fyrste vi gjorde å springe rundt på jakt etter fuglereir. Bror min hadde tre år lengre føter og det førte til at han fann dei fleste. Vi saumfor takskjegg, gjerdestolpar og busker medan fuglane svirra skremte og forvirra der vi kom. Bror min samla på fugleegg og tok eitt, berre eitt, om det var eit slag han ikkje hadde frå før. Eg samla på tome fuglereir når fugleungane hadde flytta ut.

Og så, når vi hadde sprunge over heile stølen, gjekk vi inn i selet der mor vår var i gang med å vaske ut muselort og spindelvev. Sumaren var i gang!

Rabarbra!


Har du smakt kald rabarbrasuppe ein varm sumardag når du har raka eit stort jorde eller trødd mange høylass i steikande sol? Då var det godt å sitte ved bakken etter at ha avkjølt seg med det kalde vatnet rett frå skogen og så eta nettopp det: kald rabarbrasuppe! Eller har du smakt rabarbragraut med tjukk, heimeseparert føyte? Den smakar aller best ved eit bord på stølen, med humlesurr utanfor ope glas og solvarme i kroppen. 

Rabarbraen kom til Norge på 1700-talet og dyktige husmødre, slik som mor mi, var flinke til å bruke denne nytteveksten. Som liten hugsar eg best at vi et rabarbra på stølen, der den stod frodig og grøn utanfor glaset. Det gjekk også an å ta ein stilk og duppe den i sukker mellom kvar bit. Altså, hugs på rabarbraen! 

 

Minne frå ein buss


Berre synet av denne bussen får fram mange minne hjå meg. Den minnar om bussane i min barndom. Eg køyrde buss kvar dag til barneskulen og så seinare ein mykje lengre tur til realskule og gymnas på Fagernes. Eg var litt bussjuk og i desse bussane lukta det varm olje og eksos. 

Fremst i bussen var det ei motorkasse på midten. På den eine sida sat sjåføren og på den andre var det eit langt sete der ein sat sidelengs. Der sat ofte dei som var ekstra god ven med sjåføren eller vaksne som ville prate med han. Eg sat lengre bak. Det gjekk eit slags skille ved det vi kalla høgsetet, eg trur det var setet over bakhjula. Det var populært å sitte i høgsetet, så det vart okkupert av dei som kom fyrst på bussen. Var du flink og ordentleg og veloppdragen og snill, då sat du framfor høgsetet. Var du derimot litt rampete, opprørsk og prøvefull, då sat du bak.  Eg starta med å sitte langt framme, men kom meg lengre og lengre bakover ettersom åra gjekk....Dei aller tøffaste sat i baksetet, men på dei aller fyrste bussane eg hugsar, var det ikkje baksete, men eit ope bagasjerom ein kunne gå ned i. Der kunne ein ha med ski eller kjelke. Syklane hengte vi på eit stativ framme på bussen, om eg hugsar rett. Eller kanskje det var bak?

Då eg var liten, var det smal grusveg opp Syndeisbakkane og ingen kantrekker. Bussen køyrde vel heller ikkje så fort. Enkelte gonger turde ikkje bussjåføren å ta turen ned på hålka. Då køyrde vi rattkjelke. Men det er i anna historie...

Bygdebarn


Eg er sjølv eit bygdebarn og barna mine var også det . Er det eigentleg gøy på landet?. Er det betre enn dårlegare å vekse opp i ei bygd? 

Ein ser ofte at folk med små barn flyttar ut av byen og tilbake til bygda. Ikkje minst får dei det romslegare, fordi dei har råd til større hus. Dei får også betre plass ute og kjem nærmare naturen. Det er mindre forureining, mindre støy og stress. Dei kjem tilbake til eit nettverk med besteforeldre og annan familie rundt seg. Barna kan vera meir aktive ute, med fisking og andre aktivitetar i nærmiljøet  og på fjellet. Kanskje kan dei gå til og frå skulen. 

I bygda kjenner du alle og alle kjenner deg. Du føler at du er ein del av eit fellesskap og du veit og kan meir om heimplassen din. Du høyrer til og får sterkare røter. Du blir betre sosialisert fordi du må omgåast alle slags folk med alle slags interesser.  Du har meir kontakt med dyr. 

Det er sikkert endå fleire positive sider ved bygdelivet! Jau, det er gøy på landet!

Som kyr i ei grøn eng!

 

No har kyrne kome ut her i Ulnes. Eg høyrer glade raut og ser kalvedans og småspretne hopp på nabojordet. Eg hugsar frå barndomen kor spanande og litt skummelt det var å sleppe ut buskapen for fyrste gong. Vi ungane måtte stå utanfor gjerdet ved fjøset, fordi ingen visste heilt korleis dei kom til å oppføre seg. Kyrne stolpra litt stive i gangelaget gjennom fjøsgangen, så stoppa dei i døra og blunka mot vårlyset før dei med meir eller mindre yre og elgante hopp spratt ut i friluft. Dei eldste oppførte seg best, dei hadde trass alt vore med på dette før. Likevel gjorde dei mest trauste kyr dei merkelegaste hopp og byks før dei kom på at dei kanskje burde vise seg på ein meir passande måte etter alder og rang.

Ein gong var det ei kvige som i rein forvirring sprang rett på veggen så det eine hornet brakk. Ja, dette var den gong kyr hadde horn. Hornet hang blodig og skeivt og måtte fjernast av dyrlegen. Kviga hadde difor heile sitt liv berre eit horn og såg litt skeiv og rar ut. Kalvane var sjølvsagt dei som dansa mest og for rundt i fullt firsprang lenge. Ein kunne sjå på dei kor fantastisk det var å koma ut til sol og sumar. 

Interiør 2


Dette er ikkje mitt vindauga, dessvere, Skulle ynskje eg hadde like stiva og strøkne gardiner og like struttande blomster. Kanskje fordi det minnar meg om barndomen, der det var like fint og nyvaska og dei grøne fingrane like ...grøne som her. Sjølv er eg ikkje glad i gardiner og blomstrane er ikkje så lysande rosa. Men fint er det. 

Interiør 1

Ho som bur i dette huset er glad i blomstrar. Når ho går ein tur, plukkar ho med seg og dei flinke hendene hennes lagar ein bukett eller ein krans nesten av seg sjølv. Så blir dei hengt oppi taket etter kvart. Er ikkje så dumt, det, å ha sumaren hengande over seg heile året.

Bygdeliv

Eg er glad i hestar. Begge bestefedrane mine var hestekarar og det var far min og. Det var status å ha ein fin hest, men så kom traktorane og overtok. Ein traktor har ingen sjel eller personlegheit. Det har hestar.

Det er mange hestar her i bygda. I hagen til naboen går det ein vakker, kvit hest blant gul løvetann. Det er godt å kvile augo på. Han er litt uroleg og lyftar hovudet for å vrinske. Han får svar nede frå nabogarden, der det går fleire dyr. Det ser ut som det er den same som svarar kvar gong. Kanskje dei er småkjærastar? Og så kan dei ikkje møtast, men er stengt inne bak kvart sitt gjerde. Hadde eg kunna prate med hestar, skulle eg gått og kviskra til dei at eg er villeg til å opne grindene ein kveld.

13. oktober!

Eg er på ein av dei flottaste plassane i Valdres, nemleg Strø. Dæ æ blagende stilt her, so'n kan gå i tesjurtun! Her blir ein inspirert til å skrive dialekt. No sit eg på Strøsklanten og ser utover Helin. Det er blankt vatn og bekkesus frå liene rundt. Fjella er blå mot klar himmel. Dette er ein slik dag ein må lagre i sinnet og ta fram att på mørkaste vinteren. Valdres må då vera vakrast av alle plassar!

Haust i fjellet

Eg er på Skraklebu for siste gong for vinteren. Skraklebu er ein sumarplass. Det skal vera varm vind og humlesurr og blomar. No har nokon strøydd melis på fjella og gjort landskapet gråbrunt og audsleg. Alle dyr er tekne heim til bygda og det er stille i fjellet.

Eg sit likevel ute og ser utover vide vidder i haustklar luft. Eg har som mål å vera her mykje neste sumar. Eg har planar for kva eg vil gjera her og aller mest for kva eg ikkje skal gjera her. Denne hausten har vore og er slitsam enno ei stund og eg hadde ikkje klart det utan å ha lagra fjellro og solskin i kroppen. Her er det godt å vera! Gledar meg til neste år!

Ha det godt så lenge, Skraklebu.

Kortreist

Eg er på stølen for å samle tankane, kjenne fjellvinden blåse bort stress og uro og nyte synet av vidder og fjell. Eg må visst hit ein gong i veka for kunne henge med kvar dag elles. Eg kjenner korleis eg plutseleg pustar djupare og rolegare og det treng eg.

På vegen til Skraklebu køyrde eg forbi desse ungdyra på beite. Kan ein sjå noko vakrare enn ei gamal løe mot blenkjande vatn og blånande fjell? Og så nokre fornøgde dyr plassert i forgrunnen! Eg er sikker på at kjøtet frå desse dyra er betre og sunnare enn om dei hadde stått på båsen heile året. Dette kjøtet burde seljast som Fjellkjøt frå sunne og glade dyr! Dei har levd på blomster og urter og fjellgras og hatt ein fin og frisk sumar. Kortreist mat burde alle kunne få kjøpt, både med tanke på eige helse, dyrevelferd og miljø

Eg synest kortreist er best på dei fleste måtar: kortreist læring, kortreist ferie, kortreist mat og kortreist helse. Kortreist er klokt og klimavenleg! Vi må sørge for at kortreist livskvalitet kan la seg gjera i framtida og.

Dette vart visst politisk farga, så godt val frå meg på Skraklebu!

Stølsvidda

Eg les ein gong om at pasientar på sjukehus vart fortare friske om dei hadde utsikt til naturen frå rommet sitt. Altså gjer det å sjå natur noko med oss, noko bra. Her på Stølsvidda har du eit makelaust rundskue, eit syn som gjer deg friskare både fysisk og psykisk.

Vi som bur her, tenkjer ikkje nok over kor fantastisk landskap vi lever i. Eg har akkurat vore i Oslo og fått ei påminning om kor stygt og hardt det kan vera i ein by. Oslo ligg vakkert til og har mange fine stadar, men byen er full av bråk, søppel og stygge bygningar. Eg blir full av uro i byen, eg kjenner at levenet og alle negative synsinntrykk gjer noko med meg og det er ikkje godt.

Så eg treng ein tur på fjellet og få att sjelefred og pust. Eg må sjå myrgrøne vidder, blå fjell og solvarme vegar som tek meg med inn i eventyret. Ein dag på Stølsvidda aukar livskvaliteten og eg kjem gladare heim!

Eit godt funn!

Eg har vore på Fretex! Eg har snusa rundt i skrot og skrammel og kjent hjarta hoppe i bringa når eg plutseleg har sett den. Den tingen eg leita etter som eg ikkje visste eg leita etter, men som eg plutseleg skjønte var min med ein gong eg såg den. Rart at ein brun, emaljert kjele til 15 kroner kan glede meg så veldig, men det kunne den!

Og så såg eg att barndomen min, iallfall nesten. Eg trur dei tallerknane vi hadde på stølen i min barndom var meir gule, men det var slike stiliserte blomster som det liksom lyser sumar av. Desse vart med meg til Valdres og Skraklebu og der passar dei godt!

Fin dag!

Eg er på stølen i dag og får påfyll av Skraklebu-fred! Her er det heilt nydeleg. Då eg kom ut av bilen og kjente lufta av brisk, soltørka sauelort og varm grusveg, då senka pulsen seg og sjela fall på plass. Sola streiker og tranene har ein eller annan slags fest nedpå myrene. Iallfall er det mykje tranelåt- og leven der nede. Framleis er det hestar og sauer her som skapar miljø og idyll og nokre ungar leikar ved bekken. Vedunderleg dag!

Eg lurer på korleis eg skal greie å ta vare på sjelefred og sinnsro når pliktene hopar seg opp... Det er så lett å gå varm i mas og kjas og ugjorte oppgaver. Eg kunne trenge å bu her eit år for å koma skikkeleg til hektene etter å ha tæra på reservene i mange år. Her på Skraklebu er livet så enkelt. Hente vatn, fyre i omnen, vaske opp og slike kvardagslege saker. Eg lever og er på plass i meg sjølv, utan alltid å ha noko nytt som ventar og skulle vore gjort i går helst.

Når det ballar seg til, får eg prøve å ha att augo og tenke på grøne myrer, bjølleklunk og beitande hestar. Og uansett om eg er eller blir verdens beste rektor eller ikkje, så vil fjella stå der, akkurat som før. Det er godt å tenke på...

Litt om traktorar


Onkelen min hadde traktor tidleg. Han var ingen god traktorkjørar og hadde ein del rare uhell opp gjennom åra. Han var også ein mann som likte å gjera ting sjølv, med det han hadde. Det førte til at han bygde seg hytte på traktoren av bjørkestrangar og ståltråd og slikt. Det hadde nok ikkje blitt godkjent av biltilsynet. 

Han kom gjerne på stølen grytidleg om morgonen. Han og far min delte støl, med kvart sitt sel, men same fjøs. Altså høyrde vi godt når han kom på stølen med traktor. Det som førte til ltt dårleg stemning, var at han sjeldan slo av motoren på traktoren, men let den stå og dure i timesvis. Kanksje han var redd for å ikkje få starta att...Iallfall forstyrra dette bråket freden på stølen. Mor mi sa til far min at han måtte seie til bror sin at dette orka vi ikkje å høyre på... Far min var ikkje glad i å rette på storebror sin og ynskjet vårt vart det ikkje teke hensyn til... Onkelen min var sjeldan på stølen lenge. Han var ugift på denne tida og leigde budeie, så han var berre på stølen for å gjera slåtten og slikt. Vi var glade når han og traktoren drog heim att og det vart stille og fredeleg att.

Takke meg til ein hest som vrinska venleg, var varm og god å klappe og som var ein ven av familien. 

16.08.2013

Eg er glad i utløer. Nokon har ein gong planlagt å bygge seg ei utløe. Dei har funne seg ei tomt, skaffa material, frakta det hit, bygd løa og måla henne. Dei var sikkert stolte og glade for å vera ferdige og fekk mykje nytte av løa si, får ein håpe. Løa vart  fylt med godt fjellgras som ein vinterdag vart henta heim til svoltne krøter. Og så stod løa der, i vinterstormar og vårregn, i sumarsol og haustleg skodde.

Mykje har desse veggane sett, kanskje ein hesteleitar sov eit par timar i høyet før han gjekk vidare. Om det då var ei budeie i nærleiken, kan ein berre tenkje seg kva som kunne skje. Eller så har det leika barn her inne, hoppa i høyet og kanskje fått lov til å sove der for moro skuld. 

Slik kan tankane spinne rundt ei raudmåla løe i grønt stølslandskap. Utløer er vakre. Eg er glad i utløer. 

Flytte heim

Det er rart, men eg hugsar ikkje like godt at vi flytte heim frå stølen som liten som at vi flytte til. Vi må då ha pakka og ordna og kjørt med hest over fjellet att, men eg hugsar det ikkje. Det eg kan hugse, er kor rart det var å koma inn i huset heime. Det var halvmørkt for mor mi drog ned alle rullgardiner for å beskytte gardinene mot sumarsola. Ho gjekk rundt og drog dei opp att og sukka over alle blomane far min hadde teke livet av med for lite eller for mykje vatn.

Og så var det så veldig god plass heime at vi syntest det var reint for mykje. Det var rom etter rom. Romma var så store at det nesten vart ekko når vi prata. Vi syntest og det var veldig mørkt og varmt og dystert i bygda og sakna den høge og vide himmelen på stølen. Samstundes var det moro å finne att bøker og leiker og klede.

No når eg kom heim frå Skraklebu, opplevde eg litt av det same. Eg sakna det enkle livet, freden og stillheita. Men no var det kroken på døra og slutt for i år...

Brukt er bra!

Livet på Skraklebu fekk meg til å tenke over kor viktig det er å bruke det som er brukt! Verda er full av ting som alt er laga og finst! Kvifor må det støtt lagast nytt av alt slik at det gamle ikkje trengst lenger og blir hivd på dynga? Det er dumt å sløse med ressursar, ikkje sant?

Eg har på grunn av denne filosofien fått dilla på bruktbutikkar. Det er kjempespennande å snuse rundt etter gamle skattar og brukbare saker. Det andre ikkje vil ha lenger, det får eg stor glede av. Eit flott påfunn som alle burde benytte seg av. Ikkje kjør ting på dynga, men levér det på bruktsjappa. Du blir kvitt sakene dine og andre kan overta dei! Livet går vidare for stolar og bord, koppar og kar, sokkar og skjørt!

På mitt siste tokt på Fretex, fann eg den perfekte stølsgenser for småjenter eller smågutar. Ein fin Marius-genser fekk bli med til Skraklebu og vera klar til å varme ein liten kropp ein småkald sumarkveld.

Les mer i arkivet » Mai 2015 » Juli 2014 » Juni 2014
Kirsten Inga Kamrud

Kirsten Inga Kamrud

59, Nord-Aurdal

Entusiastisk bygdekvinne, oppteken av bygdeliv og verdiane ein finn der. Sit i kommunestyret for Sp og er rektor på ein montessoriskule. Skriv kronikkar i "Valdres" og "Bygdekvinner". Mor til tre og bestemor til fire!

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits